Ynskje-salmekveld torsdag 17. oktober kl.19.30
Har du ein favorittsalme? Mange kan svara ja til dette spørsmålet. Særleg dei av oss som har levd ein del år. Det var vanleg å pugga salmevers på skulen i «gamle dagar», og mange lærarar byrja timane med at me song ei salmevers. Kanskje det er grunnen til at mange er glade i salmeboka. Det er mykje levd og erfart liv som er kome på trykk der. Mange set også stor pris på nye, fine salmar som er koma i den siste salmeboka. Nye tider krev nytt språk og nye uttrykksformer. Torsdag kl.19.30 vert det salmekveld i Fitjar kyrkje. Ingenting er planlagt. Alt vert teke på sparket, sidan me på førehand ikkje veit kva salmar folk vil koma med forslag om. Kantor Jan Overweg sit på orgelkrakken og er klar til å finna notane i koralboka. Velkomen skal du vera. Det er kjekt å syngja saman.